KVIFOR:
God lesedugleik er kanskje viktigare i dag enn nokon gong tidlegare. Å kunna lesa er viktig for å kunna meistra skuledagen og utvikla eit godt sjølvbilete. I eit samfunn der meir og meir informasjon vert nettbasert, vil god lesedugleik vera ein føresetnad for å kunna delta og fungera i samfunnet. På denne måten blir ei god leseopplæring gjennom heile skuleløpet eit førebyggjande tiltak.
KVA VI VIL:
I barnehagen
-
Arbeida aktivt med språkutvikling
-
Gjera barn kjende med – og glade i bøker og lesing
-
Ha fokus på omgrep og omgrepstrening
-
Førebu til skulestart gjennom samahandling og utveksling av erfaringar
-
Arbeida målretta med kartlegging og oppfølging
-
Leggja til rette for eit stimulerande fysisk miljø.
Begynnaropplæringa
-
Byggja vidare på røynslene frå barnehagen
-
Leggja vekt på variert metodikk – leik og læring
-
Byggja bru mellom talespråk og skriftspråk
-
Ha fokus på klår struktur og gode rutiner
-
Arbeida målretta med kartlegging og oppfølgjing
-
Leggja til rette for eit læringsmiljø som stimulerar språket
Lese- og skrivevanskar
-
Leggja vekt på førebyggjing i skule og barnehage
-
Ha fokus på tidleg innsats i skule og barnehage
-
Arbeida målretta med kartleggjing og oppfølgjing
-
Gjera seg nytte av effektive læringsprogram
Ein lesande skule
-
Ha eit særleg fokus på lesing i alle fag og på alle klassesteg
-
Leggja til rette for gode leseopplevingar både for gutar og jenter
-
Utvikla gode lesestrategiar
-
Arbeida målretta med kartlegging og oppfølgjing
-
Leggja stor vekt på å ta vare på leselyst og leseglede, og å utvikla dette vidare
KOMMUNEN SIN PLAN FOR LESING:
Vi trur vi kan lukkast dersom alle partar, frå politikarar til tilsette i barnehage, skule, PPT, foreldre og skuleeigar samarbeider og gjev leseopplæringa høg prioritet.
Leseplanen er ein overordna strategi- og handlingsplan som gjev retning og hovudprinsipp for leseopplæringa i kommunen.Skuane bør ha sin eigen leseplan, og vi tilrår at den kommunale leseplanen vert lagt til grunn.Planen byggjer på kompetansemåla i Kunnskapsløftet, med konkretisering og utdjuping av kvart mål. I tillegg finn ein konkrete læringsmål knytt til kvart årssteg: EG KAN
DU FINN DEN KOMMUNALE LESEPLANEN UNDER FANA "LESEPLANEN" ØVST PÅ FRAMSIDA.
LESEPORTEN:
Portalen er tredelt. I fanene øvst på sida finn vi stoff for bestemte grupper: Barnehage, 1. klasse, småskule, mellomtrinn, ungdomsskule og foreldre.
I rettleiinga finn vi ulike fagartiklar, omtale av gode arbeidsmåtar osv. og i verktøykassa ligg det lenkjer til nyttige tips og godt øvingsstoff.
Lenkene er merkte med B når innheldet er mest retta mot barnehage, F dersom stoffet er tenkt for foreldre og S når innhaldet er mest til nytte for skule.
Leseporten byggjer m. a. på
011/1767 - 2
LESEPORTEN inneheld undervisningsgrep som skapar engasjement og gjev elevane lyst til å lesa, og konkrete tiltak for å sikra grunnleggjande språkleg dugleik: lesing, skriving og munnleg bruk av språket.
I kompetansemåla frå 2. - 10. klasse er det mange mål som beskriv ulike omkodingsprosessar. Å koda om frå munnleg til skriftleg språk og å kunna lesa ulike sjangerar på ulike måtar er nokre døme på dette. LESEPORTEN legg vekt på lesing med forståing og å utvikla elevane si evne til å bruke denne kunnskapen i eiga lesing og læring. Å læra seg ulike lesestrategiar vil vera eit godt verktøy for dette.